Fuglane – ei bok for kven?


Eg veit ikkje kor mange gonger eg har lese «Fuglane» av Tarjei Vesaas, men det må vera minst ti gonger. Det er jo sjølsagt fordi eg er lærar, men også fordi eg er svært glad i den boka. Då er det sikkert mange som lurar på korleis det er mogeleg.

131177_bilde_1327544639_s  8044639410_c825a67089

Eg veit at detta er ei bok som har øydelagt mykje leseglede hos mange ungdommar i mange tiår her i landet. Det er mange som synest det er keisam bok, men det er eg heilt uenig i!

Det er så mykje som ligg i introduksjonen av ei bok, og i 3.vg. er tema for samfunnsfaget velferdsstaten med innlagd sosialpraksis. Då er det heilt greit å lesa om korleis ein Mattis Tusten tenker og kjenner det. Det er også interessant å sjå korleis det var i Noreg på 50-talet, korleis søstera til ein som Tusten måtte ta seg av han heile livet. Hege får ikkje noko eige liv, men gjer alt for bror sin. Det er rørande, men svært realistisk skildra.

Mattis. Frå den polske filmen.

Mattis. Frå den polske filmen.

Det er ikkje vanskeleg å føle med både Mattis og Hege. Alle blikka, alle kommentarane og ikkje minst når han prøver seg på turnipstynning. Det går ikkje, fingrane lystrar ikkje, så han tar ugraset i staden for turnips, og vert svært glad då gardskona ber han inn på kaffi  i staden.

Rugda

Rugda

Vi har også sett på korleis Mattis ser teikn i alt, at naturen på ein måte talar til han. Rugdetrekket vil gjera alt annleis, trur han. Det vil gje han ei ny mogelegheit i livet. Eller vil det det? Det er derfor så frykteleg trist då rugda vart skoten. Mattis er heilt i sjokk og kan ikkje seia eitt ord! Og det verste er at Hege ikkje forstår han. Då må han gøyme sorga i hjartet sitt. Og vi kjenner med han.

Mattis med Inger og Anna. Frå den polske filmen.

Mattis med Inger og Anna. Frå den polske filmen.

I dag har vi lese om når Mattis møter Inger og Anna. Det er eit høgdepunkt i Mattis’ liv. Vi ser korleis han får ei ny byrjing når dei to unge jentene ikkje kjenner han frå før. Dei leiker med han, spøker, og dei kan le saman. Endeleg kan Mattis kjenne seg som ein dugeleg kar. Ja, han vert mest som ein «rakekniv»! Det er ei høgtid for han når han kjem inn til brygga saman med dei to jentene; han ror dei i land, og det er mykje folk på brygga. Han kan sola seg i glansen av dei to jentene, og vonar at dei på brygga vil fortelje det vidare til andre folk slik at alle vil få høyre for ein staseleg kar Mattis er som er ven med to unge jenter!

Frå teateroppsettjinga på Trøndelag Teater i 2010 med Øyvind Brandtzæg i hovudrolla.

Frå teateroppsettjinga på Trøndelag Teater i 2010 med Øyvind Brandtzæg i hovudrolla.

Heime ventar syster hans Hege. Han er så stolt at han mest vil sprekka, men han har ikkje tent pengar i dag heller. Kva skal han då finna på? Korleis kan han vera til nytte, han også, og ikkje berre lita på at systera tener til maten? Det er den største sorga for Mattis: han er ikke til nokon nytte!

Vidare i boka skal vi ikkje gå i dag, for eg vil ikkje røpa korleis det går. Det har eg lova elevane. I dag spurde eg om vi skulle lesa ut boka. Vi må jo ikkje det! Men, jo, dei ville vita korleis det endar. «Det er vel ikkje trist?» spurde ein. Det kunne eg ikkje svara på. Kanskje er det litt trist?

Eg spurde også korleis dei likar boka. Det var ikkje alle som var like begeistra, ein kan nesten somne når han les, ei anna sa det var «halvkleint», og ei sa at det er litt interessant, men at ho ikkje var heilt sams med Vesaas om korleis Mattis tenker, og ein sa: «Jeg syns det er gøy, jeg!» Eg spurde om eg fekk blogga det, og det fekk eg.

Tarjei Vesaas

Tarjei Vesaas

Det gjer meg glad at det faktisk fins ein ung gut som synest det er morosamt å lesa denna boka. Eg er i alle fall sikker på at dei vil hugse Mattis og Hege, og då er det vel verd det, for ein kan lære mykje av denne skildringa.

Sjøl trur eg at Vesaas skriv mykje av seg sjøl inn i Mattis. Det å kjenne seg annleis, vera utafor var nok noko Vesaas kjende på der i bygda, kanskje kjende han seg litt klumsete også, ikkje akkurat ein gardsgut, men ein bokgut som ville sitja inne og lesa. Der treff han i alle fall fleire av oss; å kjenne seg som ein framand bland folk er ikkje uvanleg ein eller fleire gonger i livet. Det er godt å lesa om korleis ein annen kjenner det.

Forfattaren.

Forfattaren.

Takk til Tarjei Vesaas for denne herlege skildringa av Mattis og Hege, og takk til 3.vg. som held ut med å lesa om dei og ikkje klaga!

Dette innlegget ble publisert i Bøker, Steinerskolen. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s